Om foreningen

Om Estland og reisetips

Aktiviteter

Estlands-nytt

Lær estisk

Estisk skole

Estisk litteratur

NEF i pressen

Bildearkiv

Bøker til salgs i NEF

Kontakt

Ühingust
About
Nyheter

Kritikerprisen til Turid Farbregd
08-03-2014 14:19

Omsetjar, mangeårig redaktør av Estlands-nytt og æresmedlem i NEF Turid Farbregd vart den 6. mars heidra med Kritikarprisen for beste omsetjing. Prisen fekk ho for den finske romanen Jordmora av Katja Kettu. NEF gratulerer i dag, på kvinnedagen, både med prisen og med fødselsdagen.

Les meir om tildelinga på nettsidene til Kritikerlaget. NEF  i samanhengen intervjuet frå siste nummer av Estlands-nytt.

 

Moster Turid og det vesle landet i aust

Tekst og foto: Alf Rose Sørgaarden

– Eg var minst i ein syskeflokk på tolv, og kunne på ein måte identifisere meg med kjensla av å være liten, smiler Turid Farbregd. Ho viser ein parallell mellom seg sjølv og Estland, som var den minste av dei femten sovjetrepublikkane, på den tida ho vart kjend med landet.

I vår trekte hos seg attende frå rolla som redaktør av Estlandsnytt. Men den skriveføre dama har ikkje lagt bort pennen. I september kom ei ny bok frå hennar omsetjarvirke ut i Norge. «Jordmora» av Katja Kettu fekk heiderleg omtale i norske aviser. Etter at ho vart pensjonist for fem år sidan, har omsetjararbeidet teke av, og ho har brakt verdfull og viktig litteratur både frå Estland og Finland inn i norske bokhyller og nordmenns medvit. Det er Turids norsk som mellom anna har gjort Sofi Oksanen til ein kjend forfattar i vår krok av verda.


Interessa for eit land i trengsel

Interessa for Estland voks fram da landet var i ein trengt situasjon, som motviljug del av Sovjetunionen og med stengde grenser mot resten av verda.

– Eg var i Finland, og hadde fått stipend til å studere finsk språk i Helsingfors på sekstitalet, fortel Turid. Der fekk ho ei estisk venninne som var busett i USA. Denne venninna sto ved havet i Finland og kunne nesten sjå over til Estland, der far hennar framleis budde. Men reise dit kunne ho ikkje.

Vel tilbake i Norge heldt Turid fram med språkstudiane sine på finsk-urgisk institutt på Universitetet i Oslo. Der kom ho over den ferske læreboka i estisk av Artur Haman, alias Juhan Tuldava. Ho kasta seg over den, og dagen etter hadde ho sett saman eit to sider langt brev på estisk til si estisk-amerikanske venninne. Men venninna var ingen aktiv brevskrivar, så Turid måtte finne ein annan måte å lære dette språket på enn ved brevveksling.

Vegen gjekk attende til Helsingfors, der ho arbeidde fleire år som lektor i norsk på universitetet. Til Estland kom ho fyrst i 1979, og då for å spele volleyball. Eit lag av finske lærarar skulle spele venskapskamp mot eit lag av estiske lærarar. Dei sistnemnde synte seg å vere kroppsøvingslærarar heile gjengen, så resultatet blei klar siger til estarane. Eit anna og vel så viktig resultat var at Turids interesse for det vesle landet i aust bak jernteppet hadde fått fornya næring.

Fangeleir

– Eg opplevde Estland som ein stor fangeleir. På heimturen sat eg og grein og tenkte at eg måtte gjere noko for å gjere desse menneska sin kultur og situasjon kjend. Eg visste lite eller ingenting, og dei fleste nordmenn visste mindre enn meg. Det hadde lagt seg eit slør av gløymsle over dei baltiske landa. – Ein ung slektning skjelde meg ut for at eg hadde noko med desse russiske kommunistane å gjere. Reaksjonen var symptomatisk for den mangelen på kunnskap som rådde i Norge, nordmenn visste ikkje at estarane eksisterte.

Etter dette byrja Turid å dra på tre dagars pakketurar til Estland, der det einaste alternativet for turistane var Hotel Viru midt i byen. KGB heldt til i toppetasjen, og dei nytta mellom anna utal mikrofonar gøymd over alt i hotellet til å fåmed seg det meste av det dei «skumle turistane» frå vest snakka om.

Ateist og bibelsmuglar

Turid hadde alltid med seg rikeleg bagasje på turane. Det var gåver til venner i eit land der nesten alt var "deficit", eller mangelvare, og det kunne vere alt frå barnesko og barneklede til kaffi og bøker. Og humanisten og ateisten Farbregd smugla også med seg ein Bibel på kvar tur. Ho tok aldri sjansen på meir enn ein av gongen, det var i prinsippet lov å ha eit privateksemplar, men så var det føresetnaden at den farlege boka skulle vere med ut av landet igjen. Det galdt å ha ei forklaring å servere på grensa når det aldri var nokon Bibel på utreisa, berre på innreisa. – Eg er ingen truande, men Kristendomen har prega vår kultur i Europa, og eg reagerte på sovjetsensuren også på dette området, smiler ho.

Forfattarkontakt

Det entusiastiske språkmennesket Turid ville lære seg meir estisk. Då ho reiste på volleyballturen, hadde ein finne sendt med eit halvt kilo kaffi til forfattaren Jaan Kross. Det var det fyrste møtet med ein estisk forfattar. Seinare har ho omsett fleire av bøkene hans. På ei kulturreise til Tartu kom Turid i kontakt med bileta til Kalju Põllu. Tidlegare hadde ho omsett nokre estiske folkeeventyr. No tok ho fatt på tekstane til desse bileta, dei var skrivne av Jaan Kaplinski. Dette opna dører vestover for desse kunstnarane. Ved hjelp av Lennart Meri, då rådgjevar for den estiske forfattarforeininga, seinare det nye frie Estlands fyrste president, fekk ho laga visumsøknad. Og etter ni månader med vurdering av denne i Moskva, fekk ho eit halvt års visum våren og sommaren 1982. Ved hjelp av gode vener og Forfattarforeninga ordna med leilighet i Mustamäe og skaffa henne estisklærar. Ho fekk kjenne den vanskelege materielle situasjonen på kroppen. Brød var det mogeleg å få tak i, men ut over det, måtte gode vener trå til. Her lærte ho seg estisk, samstundes som ho fekk kunnskap om kultur og sosiale tilhøve i landet. – Det heng jo saman. Å lære seg språk utan å setje det i samanheng, blir som då Hedvig i «Villanden» fekk menyen opplesen for seg i staden for sjølv å få smake på rettane.

Kulturutveksling

På mange måtar fekk Turid bli eit kulturknutepunkt for estiske kulturpersonar. Folk kom lange vegar for å møte henne. – Eg er slett ikkje noko stort geni, og det kjendes litt rart å få denne rolla, seier ho.

Det var også kulturutveksling som blei starten på Norsk-estisk kulturlag, som seinare blei Norsk-estisk forening. Nokre få eldsjeler starta det heile, men på det meste var det kring fem hundre medlemmer.

Innsatsen hennar blei også verdsett av norske styresmakter. I 1994 fekk hos statsstipend for å arbeide med estisk språk og kultur. Ho var statsstipendiat til ho vart pensjonist som 67-åring i 2008.

Omsetjar

– Det var eigentleg då omsetjargjerninga skaut fart, forklarar Turid. Ein del finske og estiske bøker har etter kvart kome i norsk språkdrakt, signert Turid. På den måten har ho også medverka til å gjere estisk litteratur kjend i Norge. Mange har fått opna augo for ein viktig del av historien gjennom Sofi Oksanen sine bøker. – Sofi syner verda at Estland eksisterer og forklarar godt at dei slett ikkje friviljug blei ein del av Sovjetunionen, sjølv om både Putin og mange av forgjengarane hans har påstått det. Eg er heldig som har fått jobba med forfattarar som seier noko vesentleg, seier ho.


Bladredaktøren

Estlandsnytt starta som eit medlemsbrev, men då dette blei lengre og lengre, vart det blad til slutt. Fleire entusiastar har gjort solid innsats med bladet, men Turid er nok utan tvil den som har lagt ned flest arbeidstimar på dette. Nokon har kanskje sett at Jostein Langmyr og Jorunn Vestli har skrive ein del artiklar. Men sanninga er at Turid står bak desse også. Ho tykte det blei litt flaut å ha namnet sitt på så mykje, så ho fann på ymse pseudonym. I vår valde ho å trekkje seg attende som redaktør. – No vonar eg yngre krefter kan fornye bladet. Det er framleis mykje spanande å formidle, seier Turid.

– Men apropos namn; du skriv ofte under med «Moster Turid» når du sender brev og epost …? Turid ler. – Ja, moster har eg vore sidan eg var fire. På estisk brukar eg ofte «Norra mutikene» og i Finland «Gumman på Granvägen». Eg er vel kanskje nokså direkte og kan virke litt skarp, så då gjer eg meg sjølv litt meir ufarleg med dette. – Eit knep, med andre ord? – Ja! Definitivt, ler moster Turid.



‹‹ Tagasi
 
 

Copyright © 1984-2010 Norsk-estisk forening og tekstforfatterne. Logoen er © Evy Jørgensen. Der ikke annet er angitt, kan materialet siteres eller gjengis i sin helhet med kildehenvisning.