Arrangementer Lanseringer Litteratur

Boklansering 23. oktober: Biene av Meelis Friedenthal

Søndag 23. oktober klokka 20  ved Foreningen Nordens lokaler har NEF i samarbeid med Bokbyen Forlag gleda av å invitere til lansering av den norske omsetjinga av romanen Biene av den estiske forfattaren Meelis Friedenthal.  Dørene opnar for sosialt samvær kl 19.

Med på lanseringa er forfattaren sjølv, Meelis Friedenthal, saman med forleggjaren Jan Kløvstad og omsetjaren Øyvind Rangøy. 

Meelis Friedenthal (født 24. oktober  1973) er forfattar og teolog, professor i Tartu og gjesteprofessor i Uppsala. Heilt sidan debuten med Gullalder i 2005 har han vist kvalitet og vekt interesse. Romanen Biene (2012) har fått fleire estiske prisar. I 2013 var boka heidra med EUs litteraturpris, som utgjorde det internasjonale gjennombrotet for forfattaren. Boka har så langt kome ut i Italia, Latvia, Nederland og Noreg. 

Biene er ein roman frå ein epoke som hittil har vore lite behandla i skjønnlitteraturen, nemleg svensketida i Estland, kring slutten av 1600-talet. I denne tidlegmoderne tida møter overtru og folkeleg synkretisme den nyaste vitskapen ved universitet i Tartu (Dorpat). Og medan studentar og førelesarar diskuterer det siste av filosofiske og naturvitskaplege problem, er hungersnauden eit langt meir presserande problem for lokalfolket. I denne nesten apokalyptiske stemninga er det Laurentius Hylas reiser til Dorpat med stipend frå den svenske staten for halde fram studia sine frå Leiden. Med seg har han ei fargerik papegøye og eit svart tungsinn. Begge spelar viktige roller i det som byrjar å skje.

Vel møtt!