Birgit Õigemeel — den estiske artisten mange NEF-medlemmer vil hugse frå hagefest i august 2011 — har vunne den estiske MGP-finalen Eesti laul 2013 og skal representere Estland i ved Eurovisjonens 58. songkonkurranse i Malmö.
Birgit Õigemeel er fødd i 1988 og slo gjennom som vinnar av den estiske Idol-konkurransen Eesti otsib superstaari i 2007. Ho mottok den estiske platebransjens musikkpris som beste kvinnelege artist i 2010.
Songen heiter Et uus saaks alguse («Så det nye kan ta til») og opptak frå den estiske finalen kan du sjå og høyre her: