Allment tidsskrift for estlandsinteresserte
utgitt av Norsk-estisk forening
Historie
Den første vennskapsorganisasjonen for Estland i Noreg heitte Norsk-estisk kulturlag og vart skipa i 1984. Etter nokre relativt stille år fekk den kring 1990 ein stor auke i
medlemstalet. På den tida gjekk det òg føre seg store endringar i estisk statsforfatning og samfunnsliv. Kulturlaget byrja då i 1991 å gje ut eit informasjons- og meldingsblad
for å halda betre kontakt med medlemmene. Det fekk namnet Norsk-estisk kulturnytt (ISSN 0803-5555) og var generelt ei rik informasjonskjelde for estlandsinteresserte i
Noreg, så opplaget steig fort til 1200.
Då lagsstyret hausten 1993 uventa vedtok å stansa bladutgivinga, oppstod det eit tomrom i informasjonsformidlinga om Estland på norsk, som det ikkje fanst noka
fullgod erstatning for. Det vart derfor helsa velkome då eit nytt tidsskrift såg dagens lys i 1996.
I mellomtida hadde vennskapsorganisasjonen gjennomgått kriser og namneskifte og vorte til Norsk-estisk forening. Også tidsskriftet fekk nytt namn – Estlands-nytt
(ISSN 0808-2855). Det første nummeret på 16 små sider var reprodusert med svært enkle metodar. Etter kvart vart det fleire som skreiv, sidetalet auka, og tidsskriftet vart
òg meir påkosta når det galdt utstyret.
Dei innleidande åra vart tidsskriftet trykt i Noreg. Så i 2002 vart trykking og utsending overført til eit trykkeri Estland som også kunne ta seg av ombrekkinga. Opplagstalet var ganske høgt til å byrja med, men etter nokre år stabiliserte det seg på 400 eksemplar.
Sidan 2018 har det ikkje kome ut nye nummer av Estlands-nytt. Det blir arbeidd med ein elektronisk arvtakar.
Utvalgte artikler fra Estlands-nytt
Estlands-nytt 1-2, 2007:
Lotte – estisk barnefilmfigur blir varemerke
Lotte på publikumstoppenEstlands-nytt: nr. 5 2003, nr. 1 og 3 2004, nr. 4 2005 og nr. 3 2006:
Flaggdagar, av Jorunn VestliEstlands-nytt 4, oktober 2005:
Intervju med ambassadør Per Kristian Pedersen, av Turid Auestad FarbregdEstlands-nytt 4, oktober 2005:
«Ordboka er igjen å få», av Jorunn VestliEstlands-nytt 3-4, 2004:
«Ramona«, av Jostein LangmyrEstlands-nytt 1, februar 2004:
«40 år siden Kekkonens besøk i Estland», av Jostein LangmyrEstlands-nytt 1-2, januar 2003:
«Nato og EU åpner for Baltikum«, av Jostein LangmyrEstlands-nytt 1-2, januar 2003:
«Julefeiring og juleskikkar», av Kristian BergøyEstlands-nytt 1-2, januar 2003:
«Husflid: Telemark Husflidlag i Estland», av Kari MoenEstlands-nytt 1, februar 2001:
«Kurs i estisk. Samtale med Turid Farbregd om Lærebok i estisk og kurs i estisk«, av Jorunn VestliEstlands-nytt 1, februar 2000:
«Estisk sangfestival i samklang og disharmoni«, av Kari Helene Partapuoli
Estlands-nytt 3/4, september 1999:
«Baltisk forretningsmentalitet«, av Kari Helene PartapuoliEstlands-nytt 2, april 1999:
«Vill vest i øst. 10 år med myteskaping», av Kari Helene PartapuoliEstlands-nytt 1–3, 1998. Avsluttet 07.09.1998:
«Estlands historie«, av Jostein LangmyrEstlands-nytt 1, 1998:
«Ikke noen kjedelig tid vi lever i!» Med Terje Baalsrud i sofakroken», av Turid Farbregd